Me gleder oss til laurdagen! Det blir fint å sjå alle samla i kyrkja og til å vere med dykk resten av dagen. Det er artig at så mange ønsker å bu på hotellet, til og med gjester med Oslo-adresse er venta til frukost på søndagen etter. Det vil vere eit frukostbord reservert til oss, og brudeparet har ein ambisjon om å vere der frå om lag klokka ni.
Til dykk som kjem til Oslo på laurdagen, er det mulig å skifte på Villa Solhaug før vigselen. Det er to soverom i 2. et og eit bad i første etasje. Det kjem til å vere nokon der eller i nærleiken frå klokka 13. Svein Olav er nok klar og stasleg pynta frå da av, og kan ta i mot eventuelle gjester der.
Det er fint visst me får eit hint om kven som ønsker å skifte på Villa Solhaug før laurdag.
Innsjekk på hotellet er normalt sett ikkje før kl 15, men det er sikkert anledning til å ringe og høyre på laurdagen om det er mulig å komme før.
Parkering:
Utanfor kyrkja er det om lag 15 parkeringsplassar for gjester. Ellers er det gratis parkering i gata.
På Hotel 33 er det gratis parkering for gjester.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar