søndag 7. september 2014

Nå nærmer det seg!

Me gleder oss til laurdagen! Det blir fint å sjå alle samla i kyrkja og til å vere med dykk resten av dagen. Det er artig at så mange ønsker å bu på hotellet, til og med gjester med Oslo-adresse er venta til frukost på søndagen etter. Det vil vere eit frukostbord reservert til oss, og brudeparet har ein ambisjon om å vere der frå om lag klokka ni.

Til dykk som kjem til Oslo på laurdagen, er det mulig å skifte på Villa Solhaug før vigselen. Det er to soverom i 2. et og eit bad i første etasje. Det kjem til å vere nokon der eller i nærleiken frå klokka 13. Svein Olav er nok klar og stasleg pynta frå da av, og kan ta i mot eventuelle gjester der.

Det er fint visst me får eit hint om kven som ønsker å skifte på Villa Solhaug før laurdag.

Innsjekk på hotellet er normalt sett ikkje før kl 15, men det er sikkert anledning til å ringe og høyre på laurdagen om det er mulig å komme før.

Parkering:
Utanfor kyrkja er det om lag 15 parkeringsplassar for gjester. Ellers er det gratis parkering i gata.
På Hotel 33 er det gratis parkering for gjester.

tirsdag 1. juli 2014

Velkommen til bryllupsfeiring!

Kjære gjester!

Me håper de vil vere med å feire bryllup med oss 13. september. På denne sida håper me at de finn informasjonen de treng for å komme dykk til vigselen og festen vår, og anna info som kan vere nyttig i samband med den store dagen. Dersom noko er uklart, er det sjølvsagt berre å ta kontakt med oss.

Tidspunkt og adresser

Hasle kirke, kl 14.30. 
Adresse: Eindrides vei 9, 0575 Oslo. 

Rett etter vielsen ønsker me å samle alle som ønsker det, til litt småmat og litt drikke på Villa Solhaug. Villa Solhaug er ein sjarmerande, eldre villa som er næraste nabo til Hasle kirke. Adressa er Einars vei 14b. 

Bryllupsfest på Hotell 33, Østre Aker vei 33, 0581 Oslo
Aperitiff kl 17, i Top Floor Restaurant & Bar (9. etasje)
Middag kl 18, samme stad som aperitiff.

Toastmasters for kvelden

Ingeborg sine kjære søsken har fått og tatt oppdraget. Dei har fått frie tøyler til å løyse oppgåva med å lose oss igjennom ein hyggeleg middag sammen. Dersom du har noko du vil bidra med, til dømes ein tale, musikkspel, lyrikk eller skuggeteater, ta kontakt med Svein Harald Kleivane (95 91 11 22 // shkleivane_krøllalfa_gmail.com).

Transport på dagen

Det er parkering foran kyrkja for nokre gjester. Ellers er det parkering i gatene på Keyserløkka.

Avstandar:
  • Det tar om lag 6 min med bil mellom Hasle kirke og Hotell 33.
  • Med t-bane frå Hasle til Risløkka, inkludert spasering til og frå T-banestasjonen, tar turen ca 18 min.

Overnatting på Hotell 33

NÅ ER E-POSTADRESSA RETT! Det hadde tulla seg inn ein L for mykje.

Me håper så mange som mulig av gjestene har anledning og ønsker å overnatte på hotellet!Da er det kort veg heim etter middag/fest, og det hadde vore veldig hyggeleg å spise frukost i lag på søndagen. Me har fått ein rabattkode for overnatting av hotellet: 

Under ser de tilbudet me får med rabattkoden. Hotell 33 er i Choice-kjeden, så dersom nokon har rabattar/bonusovernattingar i den kjeden kan det nok lønne seg å samanlikne prisar.
For å nytte koden må ein tinge på telefon 23 19 33 33 eller e-post q.hotel33@choice.no. 
Koden er 100381. 


Standard enkeltrom pr. natt inkl. frokost
kr 780,- (1 person)
Standard dobbeltrom/Twinrom pr. natt inkl. frokost
kr 880,- (2 personer)
Trippelrom per natt inkl. frokost
kr 1080,- (3 personer – dobbelt + ekstraseng)
Familierom per natt inkl. frokost
kr 1180,- (2 voksne i dobbeltseng + 2 barn på sovesofa)

Det er gratis parkering for hotellgjester på området.

Svar innan

Gi oss gjerne beskjed om de kan komme eller ikkje, innan 13. august.